
Utfordringa var å stille inn skarpt. Eg måtte springe mange gangar fram og tilbake for å stille inn skarpheita heilt perfekt (vart aldri heilt perfekt, men men). Kunne ha fått bror min til å stå som øvingsmodell, men eg ville jo ikkje at han skulle vite at eg skulle ta bilete av meg sjølv, ville helst unngå å virke narsisistisk.

Dette var i 2005 og somarferia var nettopp over. I England den somaren hadde eg møtt ein indisk fyr som gav meg eit "bindi" til å feste i panna, og indisk jente som mala henna på folk. Eg var så inspirert av dei at eg brukte kajalen til å etterlikne mønstera eg hadde sett. Sjølvsagt midt i ansiktet. (henna maling i ansiktet svir forresten noko heilt j****g!)
Så dette var min første erfaring med studio. Mykje enklare enn seinare erfaringar, og litt meir tungvindt. Slapp blitsar som ikkje vil gå av synkront eller som nektar å gå av i det heile, men hadde ikkje andre utstyr til å hjelpe meg med dei tunge skuggane, for å halde ein reflektor sjølv er ikkje så enkelt i sjølvportrett. fekk mykje bra respons på desse bileta :)
Ja, det var dagens mimrestund
peace

1 kommentar:
bildet hvor det ser ut som du hyler var skikkelig stilig:)
Legg inn en kommentar