torsdag 5. november 2009

Portrettkurs

Portrettkurset er over og eg sitt att med ei ny glede over photoshop, ein berre må elske det programmet! Og eg kjem nok til å slite meg ut dei neste vekene med det nye kurset digital montasje.

Ungdomsportrett og Klassisk portrett av Karoline og mora hennar.



Til ikonportrett fekk eg hjelp av Radineh som eg delar kollektiv med.


Eg kom over ein del tutorials på nettet og eg leika meg heilt til maskina klikka og nekta å arbeide på to dagar.



Brudeparet mitt er Susanne, som eg også but i kollektiv med, og kjæresten hennar, Anders. Anders var nok litt ukomfortabel med å skulle "fri", stakkars fyr :)



Susanne viste seg også å passe ypperleg til portrett.



Blir vel snart å legge ut resultata av workshoppen vi hadde med Simon Cederqist. Fantastisk dyktig i photoshop, og lærte oss nye triks. YAY!

tirsdag 13. oktober 2009

Leeenge sidan sist :S

Då har eg vore alt for lenge borte frå blogging. Har skjedd både lite og mykje dei siste 3-4 månadane. Men, det treng eg ikkje om å gå inn på.


Vil gjerne vise fram kva bilete eg har fått fram med blits-eksperimenteringane mine. Først ut er Kristina.

Kristina brukte mykje av tida til å springe rundt på prestemarka i mini lærkjole og to blitsar som ho blitsa seg med. Eg stod på trygg avstand med fingeren på lukkaren. Ein kan godt seie at ho gjorde det meste av jobben sjølv ;)

Og her er min favoritt:


Tilbake på Norsk Fotofagskole tok eg dette av førsteklassingen Sascha. Eg blir tydeleg stressa av å ta bilete av andre fotografar, tenk om eg ikkje er proff nok! :P

Og stakkars Karoline måtte stå midt på den våte gata utan sko fordi eg gløymte å ta med posen med sko. Woops :S

Då vil eg erklære ein ny begynnelse, singeltilværelse og spenstige sprell. Skal legge ut fleire bilete strax, og litt frå Londonturen! :D

torsdag 16. juli 2009

Nytt innelgg!!

Oj, det blei litt lenge sida sist.
Og sidan sist har eg vore heimom ein tur og eg har fått ny hybel!

Bilete frå turen heim:

Ein kjelen vær. Eg fekk kose og ruske i ullfrakken :)



Og Håkon demonstrerar gode drikkevaner ;)

Min nye hybel:

Nei, mamma, det blir ikkje nokon interiørblogg denne gongen. Slik åg det ut første dagen, og det ser framleis omtrent slik ut. Har litt meir orden og lampen er pimpa, men nei, DU FÅR IKKJE FLEIRE BILETE AV DET BOMBA HOREHUSET MITT ;)



Men her er to pusar:

Dette er jentepusen. Ho er frekk og rask, som regel den første til å utforske nye områder.



Og dette er Tarzan. Han er meir blyg med litt fetisj for føter og klatring.



Er ikkje sikker på om jentepusen har namn. Det kan også hende at dei berre heiter Knoll og Tott. Trur ikkje eigaren veit det eingong. Tarzan elskar sjølvsagt skohyllene, og jentepusen har fått dilla på paraplyane. To sunne og friske (og raske) pusar som driv eigaren sin til vannvidd.



Og så vil eg avslutte med eit heilt random bilete av det eg trur er brua som toget tek før stasjonen. Forelska meg heilt i konstruksjonen ein kveld ^^,



God sumar!!

mandag 8. juni 2009

Hjelp! Eg har vorte husmor!

Eg synest eg berre ryddar og vaskar og skrubbar, og hyler av fortvilelse kvar gong eg oppdagar nye "gullfunn" som håret i sluken i dysjen, eller lukta av alt for gamal spaghetti. Vi vaskar opp og vaskar opp og ALDRI blir vasken tom for skitne koppar og fat, og ikkje minst bestikk! Eg blir GAL! Og rommet eg vaska for ei veke sidan er nesten like rotete no.

Eg er heldigvis frisk att, gaflar i meg antibiotika og jernholdige matvarer. Kontoen er tom, haugen med tomflasker er snart tom så fantasien er på høggir!

Blei med Håkon på fotoshoot i går på ein restaurant, der fikk vi ein dessert å ta bilete av og så fekk vi ete heile greie etterpå! Den var ikkje stor (pinglestørrelse) men den smakte SÅÅÅÅÅÅ godt! Og kaffeen var den beste eg nokon gong har smakt. Fekk også smake alkoholfri irish coffe. NAMM!

Vel heime begynte eg å lage middagen HEILT sjølv. Eg meinar.. eg laga kjøtbollane av kjøtdeig og bakte poteter i omnen og laga kvitløkssmør HEILT sjølv. Sosen laga Håkon av pulver frå ein pose. (den var god den også). Eg var så kry! Og det smakte herleg! NAMM!


Middagen eg LAGA sjølv!

Må sende ein liten takk til Ingrid Espelid for ein del tips på vegen, og til mamma for at eg fekk sjå på kjøtbollelaginga hennar då eg var lita. Det hjalp!

Første dagen på jobb i morgon. YATTA!

onsdag 3. juni 2009

I'm bæck

Har vore lite blogging i det siste. Eksamen og oppgåvene mine tok meir tid enn eg trudde. Og så har eg flytta midt opp i alt også. STRESS!

Her er arkitekturbileta mine frå Hell Hotel. Bileta gir kansje ikkje nokon samanheng, men desse er favorittane mine. Forelska meg heilt i bassenget, som hadde utsikta frå øverste etasje og ut. Nice

Inngangen til Hell



Den herlege aulaen til hotellet der soveroma vender innover.



Bassenget. Dette er eit veeeldig photoshoppa bilete. Eg klarte nesten å vaske vindauga heilt ^^,



Blubb blubb



Meir bading


Photoshopeksamen:


Eg valde å kopiere plakaten til Daywatch, ein særs spesiell russisk film. "Aaah, the funnel!!" Er stolt over resultatet og fekk good tilbakemelding. YATTA! ^^,
Må forresten opplyse om at NTNU Vitenskapsmuseum har copyright på ramnen i front, Den er utstoppa og IKKJE ekte.

For tida labbar eg rundt i sommerhybelen eg delar med min kjære, og er sjuk. Eg er DRITLEI av å vere sjuk no. Følast som om nyra mi prøvar å ta livet av meg til tider, og dei verste feberskjelvingane nokon sinne! Er til tider ganske omtåka og slapp, sitt berre inne, med unntak av ein dagleg tur til butikken for å kjøpe trøstegodt ;)
Legetur i morgon for å sjekke status og slikt. KANSJE heim til helga, VIL vere med på hjørundfjorddagane!!

"Blandt høge fjell og djupe dal
ligg bygda der vi bor
kvart år så har vi festival
i vakre hjørundfjord"

Og mitt største ønske er å vere frisk nok til bussreisa på fredag slik at eg kan kaste rotne tomatar på Siv Jensen! MOAHAHA!

Dagens musikk: Pendulum
Takk Linda ;)

onsdag 6. mai 2009

Koseleg hybel leigast ut :)

Jaja, då er det avklart, eg skal flytte for fjerde gong sidan eg avslutta VGS. Eg skal heldigvis ikkje flytte til ein annan by denne gongen, men berre ned til sentrum. Har allereie vore på mi aller første visning. Utruleg flott rom, men vi var mange om beinet, sjølv om der var fleire bein. Sitt for tida konstant på nettet og sjekkar nye annonsar, litt treigt i dag, men no ligg annonsa for hybelen min ute, så rart!

Bilete om du er interessert:


Kjøkken øverst og så den aktuelle hybelen nederst.



Sofakroken og sovealkove :) Slepp at eventuelle gjestar må sitte på senga og liknande.



Badet er nydeleg og praktisk. vaskemaskin og tørkemaskin og masse plass til klestørk. Godt og varmt. (er to bilete om du lurte)



Og så koseleg kan studietida bli :D

ja, då fortsett eg mi eiga jakt

tirsdag 5. mai 2009

Nordic Light og slikt

Har endeleg vore på Nordig Light, frå torsdag til laurdag kosa vi oss i Kristiansund med MANGE andre fotografar. Drøyaste var vel han med den sværaste torsken i handa og digert digitalt hasselblad på ryggen, sjølve fyren var svær også. Og så var han svæært hyggeleg!

Elevar ved Norsk Fotofagskole kan verkeleg å feste btw. Legg ved bilete av Jacob, Håkon og Espen som dansar halvnakne rundt bålet ;)


Håkon er som alltid ON FIRE!

Blir sikkert fleire bilete når Håkon gir meg resten. "Alle" tok bilete med 5D mr2 til håkon, med 50mm til pappa, perfect match! Det blei faktisk heile 1900 bilete frå dei tre dagane vi var der, tok to dagar å sjå gjennom alle! (ikkje to dagar i strekk, ingen orkar vel det)

Vi var så fattige at vi sov bak i bilen. Følte meg ganske så "trailor trash" når vi satt halvvåkne bak i bilen med luka oppe medan massevis av bunadkledde konfirmasjonsgjestar gjekk forbi oss. Dei prøvde hardt å ikkje stirre, vi berre lo! Lufta soveposane over parkeringsskilt og smørte niste på parkeringsplassen, lånte dusjen til folk som hadde hytte, men i tillegg køyrte vi (Håkon) rundt folk med bilen.

No har eg faktisk fått tak i sommerjobb som eg kan fortsette med utover hausten! Kjempehyggeleg intervju på ein heil time, og eg klarte å imponere dama så mykje at eg fekk jobben ein time etterpå! Tok berre tre intervju før eg fekk ein jobb (har eigentleg to no så..). Skulle berre ønske eg kunne starte no (noko dei gjerne vil at eg skal) men eg har ikkje tid til å ta fri tre dagar som ikkje er i ei helg før i juni. Og no må eg flytte ut også om eg skal kunne ta frukostvaktene på hotellet. Desverre er det vanskeleg å finne hybel på ila til rett pris som blir ledig i juli som ikkje krever kjempestort depositum. ARG!

Skal ta bilete på Hell Hotel på torsdag, innlevering på fredag, trur det også blir eksamen på fredag! IIK!