lørdag 23. januar 2010

Maraton overstått

I tre veker har vi teke eit bilete pr arbeidsdag. Vi fekk oppgåva på morgonen og hadde eit døgn på å løyse den, og så fekk vi ei til rett etterpå. Det har vore utruleg gøy, frustrerande, stressande og lærerikt. Ingen puter under armane og "gnalljfrost" ute. YAY!

Første dagen starta vi lett, ta bilete av den over deg på klasselista. Siri var dagens modell :)



Dag2: Ta bilete av ein pastapakke med ein pastarett. JObba hardt med å få til noko meir enn berre ein pastapakke med pastarett, men er ikkje sikker på om eg likar det, sjølv om rektor gjorde det.



Absolutt den gøyaste oppgåva: gruppeportrett. Gruppe 3 tok bilete av gruppe 4 i Vanity Fair stil. Fekk først opplæring av Arild Bergseth og så oppfølging i studio. Vi arbeida godt saman og kosa oss :) Eg fekk gjere redigeringa :D



Butikk som har gjennomtenkt interiør. Lush i sentrum har såper som ser ut som godteri. Ansikstmasker som ser ut som sjokolade og mykje fargar.



Ta bilete av to personar som ser inn i eit butikkvindu. Eg gjekk rundt i kulda i ein time og leitte etter det perfekte paret, og i det eg nesten hadde gitt opp å finne nokon utan boblejakke så dukka desse opp. Fekk litt minus for at eg ikkje hadde med meir av vindauget. Woops.



Dekorative sirklar. Treng eg seie meir?



Plakat for Kirkens Bymisjon. Tok "eit lys for alle" litt for langt. Woops...



Togstasjonen, måtte ha med klokketårnet. Vi kom litt for tidleg, fraus, blei nesten frelst av ein be-fanatikar og alle leverte halvgode bilete. Dett var dett.



Framside til boka "Dead End Street". Tok med meg Siri frå kollektivet og smurte ho inn med blomsterjord på ryggen (weird) og sklæsja litt maling på toppen. Hadde så ein lang diskusjon med rektor om korleis illustratørar finn fram til motiv. Han innrømte at han kansje var litt vag.



Og den fantastiske saksa mi :) Den fekk klassa til å utbryte "åååh!" på gjennomgangen i går. Men bileta vart litt... like, på grunn av ein viss brann. (som eg også hadde ein diskusjon med rektor om)



Til slutt den skumlaste oppgåva. Skummel fordi eg gjekk gjennom trondheim med ei klokke til over 2000 i veska. Eg slapp å deponere på den heldigvis, men om nokon hadde teke den hadde eg mista kjangsen til å reise til marokko i februar. Var ein vanskeleg dag å finne modell, men til slutt stilde martine frå 1. klasse opp. TUSEN TAKK!
To versjonar, den eg leverte inn, og den eg redigerte etter innspel frå klassa :)



FRIII! Eg sov ut i natt, Mmmmm!
Kansje Avatar på søndag?

1 kommentar:

Anonym sa...

Mykje fint