torsdag 21. januar 2010

Ein heilt vanleg kveld i studio

Fornøgd med dagens fangst ankom eg studio for å ta bilete av ei særs pen saks. Eg var kansje 20 min for tidleg fordi eg viste at studio var ledig uansett. Eg satte opp blitsane, hengte opp saksa, la klar bakgrunnen, og begynte å ta bilete. Alt gjekk vel, at det var bråk utanfor var ikkje noko spesielt nytt. Det er heilt vanleg med bråk, springing og hyling, så eg har lært meg å blokkere ute all lyd.

Pluttseleg brasar Lars, Tone og Øystein inn i studio med tildekte ansikt og ei røyksky bak seg. Jaha..? Det har vore brann i studio A, den var slekt, men branslekkingsapparatet hadde etterlete seg ein god del vondtluktande partiklar i lufta. Alle vindauge og dører vart letne opp og vi hosta der i frå. Eg måtte sjølvsagt snu og hente kamera ;)

Øystein var ferdig med sine bileter, så han tok det ikkje så tungt
Lars ringer anten Linda eller Rune for å rapportere
Og Timian(hunden) trøstar ein forskremt modell


Tone var den einaste som viste kvar branslokningsapparatet var, ho redda dagen :)
Stakkars førsteklassingen fekk alt utstyret spraya


Eg gjekk tilbake for å hente utstyret mitt og for å slå av blitsane


Lars... gjer det han alltid gjer

______________________

Alt gjekk bra til slutt, eg gjekk heim med tørr hals og litt vondt i hovudet. Fekk ikkje teke dei bileta eg skulle ha tatt, men eg forklarte det ganske enkelt til rektor i dag "studio begynte å brenne", då godtok han det ;)

Dette er absolutt den vakraste saksa eg har sett, berre synd eg ikkje fekk ta bilete av den som ein fugl over himmelen.

Skal legge ut resten av bileta frå maraton så snart eg er ferdig med det siste biletet som eg skal ta seinare i dag. Det er frykteleg skummelt å låne rekvisita frå urmakaren, har aldri vore så redd for å bli rana som etter det.

Ingen kommentarer: