tirsdag 29. januar 2008

Isdronninga

18. november 2005
Eg og Kristina laga flott "snømann" som vi kalla Isdronninga. Og du har aldri sett flottare dame enn ho her. Og aldri har du sett flottare brystparti heller. Eg stod for ansikt og puppar, Kristina for det flotte håret og kjolen.. trur eg. Var i alle fall masse snø og frosne fingrar. Lurer på om eg brukte ei skid for å fikse ansiktet i detalj.

Dronninga vår hadde den vakraste kjolen som var vakkert drapert rundt føtene hennar. Men ho var ikkje så frisk denne dronninga, litt topptung kanskje. Eg vart lit ivreg med midja hennar, og så slo ho sprekker. Sjekk midja på biletet under :(

Ja, så ho knakk like etter skapelsen. Underkroppen og armane stod att som eit sørgeleg minne. Vi holdt på å bryte ut i gråt, for vi hadde jo holdt på i mange timar med henne. Fingrane var blå av frost og tolmodigheita var utsleta. Vi bestemte oss for å lage ei ny nokre dagar seinare, men snøven smelta og kom ikkje tilbake den vintaren, og har ikkje dukka så mykje opp i seinare vintrar heller.

RIP Isdronninga vår

2 kommentarer:

Anonym sa...

Ååå.. Ditta skal vi gjere igjen en gong..!

Lovise sa...

WEeeeee! Da blir gøy!