Dagen starta faktisk med vassballongar, spesielle vassballogar. Og fortsatte med kaffi og pasta til frukost. Rekkefølga er kansje litt spesiell, men slik går det når typen er ein spesiell kar frå Littauen.
Pulverkaffi og "gamle" kjeks frå Littauen. Gamle fordi oppskrifta vistnok er kjempegamal og spesiell. Sjølv synest eg at dei smakar akkurat slik kjeksa til mamma og farmor gjer. Som forresten er kjempegode.
"Pasta? What is pasta?" Etter å ha prøvd å forklare kva pasta er, og om der er skilnad mellom makaroni og pasta så bestemte eg meg for å lage "frikin pasta". Så, no lurer han ikkje lenger!
Kjøkkenet til Rokas og Jonathan. Kokeplatene er 10 gongar raskare enn mine. Vatnet kokte opp på to minutt! (ca) Og kjøkkenbenken virka større også... eg og vil ha!
Så avsluttar eg med eit bilete av han, teke med 28-135mm, ekstern blits med ledning og softboks.

Å ta sjølvportrett med 20D, 28-135mm, speedlite med softboks og ledning er tungt! Hardt arbeid som krevjar trening i gymsalen for å mestre. Eg ser for meg at eg skal ta bilete ute i regnet. Eg treng minst to assistentar; ein til å halde paraplyen, og ein til å halde blitsen!
God kveld :)

2 kommentarer:
Hei!
Har du tenk tanken å sette blits og kamera på 2 forskjellige stativ, og en trådutløser?
Da kan du holde paraplyen sjøl.. hehe
;)
John
stativ... neste på ønskelista ;)
Legg inn en kommentar