
Kjersti kom heilt i frå Oslo for å la seg fotografere (hah.. som om). Ho var litt sjenert og ikkje heilt komfortabel, så vi fann ut at ho ikkje burde smile. Ho ser ikkje heilt tilpass ut på desse bileta, så det stemmer godt. Likte den triste stemninga i biletet, men vi hadde det gøy altså!

Ingrid bur faktisk i Bergen. Utflytta sunnmøring (og snart utvatna også). Ho inviterte meg på graut og Picasso, men det vart berre graut og sutterot (sjå nederst). Den fantastiske lampen og det uttrykksfulle ansiktet hennar resulterte i desse to bileta... resten var uskarpe. Vart litt overraska over kor bra dei vart. Ixusen gir vanlegvis berre så bra bilete med enten dagslys eller blits.
Sutterot:
Sutterot konseptet vart utvikla då Ingrid ga meg og Vidar gulerøter. Vi hadde frå før av fått tropisk nektar og så kom eg på den fantastiske idea om å bruke nektaren som dipp. Og du og du!! Det var godt! Billig snacks for fattisge studentar. Vi satt der og dyppa gulerøtene i glasa og sutta på røtene, derav namnet sutterot. Gulerota varer også litt lenger sidan ein suttar og gnafsar i standen for å sluke gulerota.
Prøv gjerne heime ;)

2 kommentarer:
fine bilder av søte jenter. prøv å sutte på frukt med vaniljekesam ein annan gong KJEMPEGODT og ganske sunt det også.....
Hihi ;D Ej fann plutselig mej på nettsida di. Dei bilda vart ikkje so verst nei, til og med i simplaste belysninga.
Sutterot! Beste. Fin dag :)
Legg inn en kommentar