Men no er eg trøytt og lei, og difor ville eg gjere noko anna, så eg tok nokre av elementa mine og laga collage.
Her er siluetten av Kristina frå i fjor. Har brukt mest tid med denne. Så mange gøye detaljar å fikse på.

Ok, eg har samla figurane frå gamle bilete. Første er frå folkehøgskulen og volleyball turnering. Andre er av ein gatemusikant som ville ha 1 krone for å bli tatt bilete av. eg skrapa lommeboka og gav han 8,50 (så snill er eg). Siste er som sagt Kristina. Har prøvd forskjellige effektar, veit ikkje kor heldig eg har vore, men dette er første gongen eg gjer dette. Og gøy var det :)

Så det var dagens. Ha ein god kveld :)

1 kommentar:
Utrolig stilig arbeid - likte spesielt det andre :)
Legg inn en kommentar