søndag 23. mars 2008

Oh KULDE

Då var det klart for påskas andre fototur, men trur du ikkje at eg valde heilt feil dag?? Sjølv om sola var ute og himmelen småblå så var det minusgrader! Både modell og fotograf fraus så vi nesten grein. Hadde ikkje assistent denne gangen og eg måtte nesten be høgare maker for styrke til å halde på kamera.. eller at eg i det minste skulle få behalde fingrane.

Kristina viser mot til tross for bitande kulde. Var den blå kombinasjonen litt overkill?


Av og til må ein ta sola til hjelp, og eg har begynt å bli glad i å bruke effektane ho gir som baklys. Blits sjølvsagt nødvendig.


Det var ikkje lett å få det naturleg i kulda. ja, det VAR KALDT!!


Før stuntet hadde vi sjølvsagt brukt laaang tid på å få sminka orden, fiksa kleda. Ville eigentleg ha heilkvitt, men enda opp med dette. I det minste vinterfargar. 24-105 mm var fantastisk klar. Har aldri opplevd så klare bilete. Auget er nesten til å ta og føle på (på min større versjon).


Til slutt tok vi beina på nakken og hasta heim til hus og bil. Har ikkje fått redigert bileta enno, har dårleg tid. Og no er det rett tilbake til Bergen til kjærste og studiar. Huzza!

1 kommentar:

Lisa. sa...

Du er kjempeflink! Tar veldig fine bilder og redigerer bra! :)