Så har sjølvsagt pappa skaffa seg nytt objektiv og blits. Speedlite 580EX II og Canon 24-205mm 1:4 IS USM. Eg er sjølvsagt veldig missunneleg, fordi 580EX kan fungere som master, min 430EX kan berre vere slave. Men, vi hadde det kjempegøy med master og slave teorien.. ehm... teknologien.
I første omgang var det katten som fekk gjennomgå. Trur han vart litt skeptisk på den derre store softboxa og stirra på den som om den var ein slags støvsugar (han HATAR støvsugaren), men han gav blaffen etter kvart.

Så kom broren min ned frå loftet og ville leike med blitsane. Han har alltid vore flinke med å finne ting eg kan ta bilete av, gjerne med stooor entusiasme. Etter å ha tatt bilete av diverse påskekyllingar og lampar og slikt så ville han teste blitsen på seg sjølv. (skummelt!)

Og til slutt fekk vi dette blinkskuddet av pus og bror saman. Begge er forresten litt eldre enn kva dei ser ut som.; bror er faktisk 17 og katten er 6-7.

Familie! Etter fantastisk god middag med tante og onkel så tok eg bilete av dei to sjarmerande krabatane i huset. Først ute var Adrian som har dei blåaste augene eg har sett. (ikkje på akkurat dette biletet)
Joakim er husets sjef og rabagast. Han skal bli boksar når han blir stor (får ikkje lov til å bli forballstjerne).

Ungar er fantastiske!
Håpar på at det letnar før eg må tilbake til Bergen. MÅ få tatt dei bileta i feria!!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar