lørdag 26. april 2008

"Hurra for mamma"

Mødre er gode å ha både når ein bur heime og når ein bur for seg sjølv. Mamma har både e-post, msn og mobil så det blir ein del snakking saman ja. Og no er mamma på besøk hos meg!

I går var vi på IKEA og eg fekk meg mange nyttige og unyttige ting. Eg fekk øsker å ha ting i, "hylle" på badet, ei veske og slike nyttige ting. Og eg kjøpte meg litt lys i leiligheita, slik at det skal bli koseleg. Mamma har også Vaska for meg! Badet er plettfritt, kjøkkenet er golljandes reint og stovesoverommet skin av glede. Det kan ha noko med at mødre har utvikla ein 7de sans med overmenneskleg tålmodigheit og ein viten om kvar det er lurt å tørke støv.


1. Mine fine IKEA-lys er plassert ut og mamma poserar.
2.Vi skal snart til å ete isen som eg har oppbevart i ein brødpose.
3. Eg måtte bære alt vi kjøpte


Mamma laga ball (raspeball). Det var sinnsjukt godt! Og etterpå måtte frysaren avrimast. Sann at eg kan få plass til ei boks med is der.

Mamma som modell:










Nye effektar frå IKEA kjem godt med, mamma har no prøvd seg som spåkone, men ho fortalde ikkje kva ho såg i framtida.

God helg :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjekt at mamma kom på besøk til deg - og ikkje minst synest eg at det såg utrulig godt ut med ball.. Og mor di som fotomodell var også bra! : )