Samtidig som eg studerar for harde livet og samtidig prøvder å halde med oppdatert på den ekle saka i Østerrike time for time, så har eg fått eit brev og ein telefonsamtale. Brevet sa at eg har fått sommerjobb, det betyr sjukt med jobbing i ei kort periode og feit lønn, og koselege omgjevnadar med surrete mennesker :)
Telefonsamtalen var meir spanandes, for den gjaldt noko som går fleire år fram i tid. Eg er nemmeleg invitert til intervju på ein fotoskule. Eg er så glad!!! Eg veit ikkje kor mange som har søkt, og kor mange som kom vidare til 2. opptak, eg bryr meg ikkje, for... EG ER MED!
Slik kjenner eg meg no, stor og sterk:

Ha ein god dag :)

1 kommentar:
Lykke til på intervjuet, det er mange som er glade på dine vegne!!
Legg inn en kommentar