onsdag 7. mai 2008

Minnebrikke og vår

Det er vår og masse sol, og festplassen er fantastisk nydeleg! Tok med meg kamera og nytt minnekort og prøvde å finne noko fint å ta bilete av. Testa ut forskjellige innstillingar som eg ikkje har brydd meg om tidlegare, som Av og Tv. Den funksjonen eg saknar mest på kameraet mitt er å kunne raskt skifte mellom forskjellige eigendefinerte innstillingar. Som når ein tek bilete ute der det er store forskjellar mellom lys og skugge. Likar ikkje Programm-innstillinga, for lyset blir aldri rett. Då fann eg ut at eg kan berre "lagre" innstillingane i Av og Tv. Av - 11 i blendaropning, Tv - 250 i lukkartid, og i M modus hadde eg stor blendaropning for detaljfotografering. Det gjekk ganske bra, og eg lærte mykje om halvauto-innstillingane som eg ikkje visste.




Ein mann og den vesle guten hans mata fuglane og eg tok bilete av griske måsar og nusselege pippippar, og duer sjølvsagt.


Lang lukkertid vs kort lukkertid.
Lang lukkertid med stabilisatoren på.



Anskaffinga av nytt minnekort var litt gøy. Eg fekk 500 av pappa for å kjøpe nytt, fordi han har tatt over dei gamle. Sjekka ut Foto Knudsen først, men dei hadde berre Extreme IV til 999... nei takk! Så eg fann då Kodak-butikken og spurte etter Extreme III, og det hadde dei, til 700. Så då sa eg så trist som eg kunne at pappaen min hadde gitt meg 500 for å kjøpe minnekort, og at eg var fattig student med lite pengar. Og veit du kva... han gav meg 100 kr avslag! Ooooh, snilde mannen.


Og dette er innkjøpet av bøker her i Bergen. Eg tør ikkje tenke på kor mykje det har kosta til saman, sidan det eigentleg berre er bortkasta pengar :(


Mhm... middagen min! Neida, det såg berre ikkje like bra ut etter at eg sklæsja på kjøtdeig med saus og pasta.


Zaloflaska er fin



Eksamen!!!
ktnxby

Ingen kommentarer: