torsdag 8. mai 2008

photoshopdisasters på dagbladet

Ser ut som fleire og fleire norske har fått opp augene for photoshopdisasters. Først biletet av bergensbussen og no laaang artikkel på dagbladet.no
Der har ikkje vore så mange openbare "disasters" i det siste, men det er alltid like gøy å sjekke innom uansett. Trur eg faktisk er avhengig, sida er ein av dei eg MÅ sjekke fleire gongar for dag. Først for å sjekke om det er nye bilete der, og så for å sjå på kommentarane som kjem utover kvelden. Sjekkar like ofte som eg sjekkar meilen min. Btw... send meg MAIL!! Så slepp eg å sjå den triste inboxa mi medan eg ventar på mail.
I morgon skjer det! Eksamen og svar på skule!!


Dagens bilete er eit eg laga første veka på folkehøgskulen, heilt elendig sjølvsagt, men akkurat då vart folk imponerte over mine kunnskapar i photoshop. Rubbish man! Skal sjølvsagt illustrere mitt førsteinntrykk av skulen. Altså: skulen er ein stor svamp som syg til eg elevar og alle moglege slags folk med kamera, vispar av gull og svampar. Ulrika er det forresten dobbelt opp av sidan ho gjorde så mykje av seg, nei... fordi ho stilde opp i studio og var bra modell, så eg måtte bruke ho. Snygga flickan.

Lese til eksamen!

Ingen kommentarer: