mandag 2. juni 2008

Dei siste dagane

Kva har eg gjort dei siste dagane?

Eg var på goodbyeparty på Os med masse Fantoftfolk på torsdag. Det var gøy, med grilling og øl. Vi sang bursdagssongen til bussjåføren og ville aktivitetar i bussen.


Første barfot i graset og Leila har tatt beslag på Rokas

Så reiste eg til Trondheim på fredag for å la meg intervjue på fotofagskulen. Overnatta med Britt Anita og vi festa sjlvsagt "villt" med singstar.



Ein gitarist(eller noko) i bandet Strain of Sanity. Rare mannen.



I går drog vi (eg, Rokas, Sonja og Peppi) på tur til Ulriken i solnedgang og skumringa. Vi planla å grille og ta ein øl og overnatte for så å sjå soloppgangen neste dag.


Peppi og Sonja beundrar utsikta og tek ein pust i bakken.


Dei tek bilete av meg med blits og lang lukkertid. den rare skuggen bak meg er litt ekkel synst eg. Eller så ser det ut som om vi har juksa og eigentleg tek bilete i studio med bakgrunnsbilete av Bergen


Eg tek også bilete av dei. Prøvde så godt eg kunne å få med bakgrunnen også. Men slikt skal eg nok lære meg meir seinare (yohoo)


Bærgen


Fantastiske siluettar


Pluttseleg høyrte vi stemmer, trudde kansje det budde folk i bygninga der oppe, men så syntest eg at eg høyrde stemma til Diederik. Og jammen så var det ikkje Diederik, leila, David og ei anna jente som hadde AKKURAT same idea som oss, på akkurat same dag. skummelt.
leila og David er så søøøte. Gochigoch.


Diederik i lyset av minifakkelen

Eg og Rokas gjekk til "sengs" tidleg, for vi ville stå opp tidleg til soloppgangen, og for å kunne dra heim så tidleg som mogleg. men så forsov vi oss litt til den oppgangen og berre la oss til å sove igjen. Kl 6 stod vi opp, pakka og begynte å gå. Rydda opp etter oss i basecampen. Sonja og Peppi blei med oss ned. Møtte faktisk ein del folk på veg ned, som var på veg opp. Sprekingar.

Så då reiser Rokas på biltur til Nordkapp i morgon, og eg har sagt hade. Han kjem heim om over ei veke. Snufs. Er ikkje heilt sikker på om han vart overlykkeleg då eg kom inn på skulen i Trondheim, men han var flink til å late som. Eg var ikkje heilt sikker på om eg skulle vere glad. Eg vil helst ha han med, men har i alle fall invitert han på besøk der oppe. :)

Ingen kommentarer: