I går forsøkte eg å lese. Først var eg på sjukehuset og sa farvell til legen og sjukepleiaren min, som eg har møtt ein gong før, så det vart ikkje akkurat tårevått. Dei gav meg gode nyhende og råd og tips. Så skal dei sende alle papira mine til Trondheim.
Eg har avslutta kontrakta med studentboligane og måtte finne nokon som kunne ta over siste månaden min. Eg hang opp 8 plakatar rundt omkring fantoft og etter 30 minutt tikka det inn ei melding frå "Paula" som treng tak over hovudet akkurat når det passar meg. Fantastisk! Fekk seinare 3 tilbod til, og vakna i dag av enda ein telefon. Hyggeleg, men også urovekkande at det er så mange som ikkje har nokon stad å vere i sumar. Kansje Paul vil leige ut leiliheita si, og Atle også kansje? Ellers kjenner eg få nordmenn her.
Åt lunsj med Hugo, var koseleg og lenge sidan sist. Han gav meg ei scrapbook, som han sa eg ikkje fekk lese enno, i vertfall ikkje før han var ute av døra. Eg klarte ikkje å halde meg og titta inn. Det var den finaste boka eg nokon gong har sett i. Bilete frå byrjinga, midten og frå jul og masse koseleg. Då MÅ eg nesten gjere noko tilbake! Han skal overnatte på ein turistplass saman med ei venninde fredagskveld så då kan eg sette saman noko friskt til han, men eg kan ikkje gjere det same. Kva skal eg finne på??
Anyway, eksamen i morgon, historie og teori og slikt. Og ut i frå ein artikkel til Durkheim (som eg så fint har feilskrive som Purkheim) har eg laga denne setninga:
Theory of the average man solves nothing
Det betyr at du kan ha all kunnskap om kor mange som gjer ditt og datt, gjennomsnittshøgda til alle menn, lister over sjølvmordstilfeller utan at det vil løyse nokon problem ang desse sakene.


2 kommentarer:
Eksamen ja, huff, du får ha lykke til ^^
er innom sida tidt og ofte. du er svært flink
Legg inn en kommentar