Klokka var litt over 2, og det begynte å bli litt lysare, så eg måtte skunde meg for å få noko pent. Først fann eg ingenting, berre skog, myrull og rare spindelvev. Så eg bestemte meg for å køyre litt vidare, men etter berre ca 200-300 meter fann eg skodda, så eg snudde og la på sprang. Om du har sett skodde på nært hald tidlegare forstår du kvifor eg sprang. Skodda dansa på tjønnet, rundt busker og kratt, i små groper. No veit eg kvar alle folkeeventyra om vetter og troll kjem i frå, det var rett og slett vakkert. Sjølvsagt var opplevinga betre enn bileta då eg kom heim, skulle heller vore filmfotograf og fått med meg dansen. Men å jakte på skodde var gøy nok i seg sjølv.

Utsikta mot Bondalen

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar