No har eg budd i Trondheim i heile 4 dagar, eller, frå torsdags kveld til no, søndags formiddag. Eg bur i lag med skjønne Jeanett. På fredag blei Jeanett stor jente, heile 22 år gamal, og vi feira det med stor fest! Det viste seg at væra skulle bli enda mindre. Ein av nordlæningane kunne nemmeleg skilte med å ha slektningar i Ørsta, som eg faktisk kjenner til, vennar av vennar utruleg nok. Og ikkje nok med det, ho var også på fest i leiligheita til Frode og diskuterte øl med min kjære ex. Og eg trudde at eg enda ein gang hadde flytta så langt heimafrå at ingen (tilfeldige) kjenner nokon som eg kjenner. Weird!
Jeanett dreg fram gamle kunstar med sin snygga Nikon

Kingsford dreg også fram gamle kunstar

Charlotte, eg og ... øh.. han derre... (skal legge in namnet når eg kjem på det) ler oss i hel av bilete. Kamera er gøy på fest :P

Jeanett, Kingsford og Petter kosar seg i sofaen

Dagen etter skal turtelduene reise bort, men eg får 4 min på å ta eit bilete av dei. For å illustrere effekta av vidvinkel og tele. Ser du den?

Så då er det berre å vente i ca 24 timar og då begynner eg på Norsk Fotofagskole!!! YAYAYAYAAAAA :D
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar