onsdag 3. september 2008

"Leiliheita" og photoshop

Eit lite innlegg om korleis eg bur her i trondheim. Ikkje mykje eigentleg, berre nokre få bilete.

Eg leika meg litt i photoshop med desse bileta og prøvde å spleise to av dei. Det gjekk dårleg, til eg huska at photoshop cs3 har ein eigen funksjon for å legge saman bilete, photomerge. Fungerte fantastisk fint med tre bilete, men tok lang tid med fleire og laga effektar på rommet mitt eg gjerne skulle ha hatt.



Jeanett kosar seg med macen på sofaen. Jeanett skal klippe seg i morgon ogg har kjederøyka sidan ho bestemte seg. Litt nervøs med andre ord.



Eit bilete på veggen, ikkje ferdig enno.



Detaljar frå badet



Første forsøk med photomerge. Arbeidsstasjon og vindauge.



Andre forsøk. Eg har no ein taklampe og ... ehm.. eit lite rom over døra mi. Fantastisk! Eg forstår ikkje kvar logikken bak denne kombinasjonen ligg. Biletet består av 8-9 bilete, og dette er min kjære sofa og bord. Scrapboka frå Hugo ligg på bordet:)

Ha ein god dag :)

1 kommentar:

Anonym sa...

de ser ut so dokke he de kjempekoselig! søte ende på badet. :)