Dette er historia til ein ung mann frå ca 20-talet. Kva han gjer på dette romet, i denne senga og i dette vindauget får vi ikkje vite. Men eg tenkte på bilete eg har sett av dei ein kan kalle "muser", eller inspirasjonskjeldene til kunstnarar. For det meste er det kvinner som figurerar på desse bileta, ofte med ein sigarett mellom fingrane og med ei haldning som tydeleg seier kva som nettop skjedde eller kva som skal til å skje. Kansje det er rett etter at den andre parten har forlete romet, han sit attende einsam og tankefull (eller berre veldig "mett").
Dette var den stemninga eg ville fange med desse bileta.

Innlevering i morgon. Om eg må gjere om att denne oppgåva kjem eg til å skrike!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar