Skulle finne ei lykt, stor "lommelykt" som eg kan bruke til å male med lys, men fann ikkje noko eg ville ha anna enn den kule bærbare halogenlykta som gir i frå seg blått lys ;)
Den nye dingsen min måtte sjølvsagt prøvast ut, på kyllingen min. Aldri har rå kylling med marinade sett så lækkert ut. (synest eg)

Enda meir mala kylling
Så var det på tide å teste ut det eg hadde sett for meg at lykta eigentleg skulle brukast til. Jeanett stilde opp som bekymra hustru. Er berre ei skisse, eller ei idè eg leikar meg litt med. Skal sjå kva som kjem ut av det til slutt.

Jeanett opplyst med blits, ting på bordet opplyst med blits og resten av romet opplyst av lykta mi. 30 sekund eksponering. Ser du skuggen min? Eg forstår ikkje korleis skuggen min kom med på biletet på den måten, vinkelen frå lyset var IKKJE slik :S
Kyllingen var utruleg mør forresten, den tok nesten to timar å steike, etter å ha marinert seg i to timar frå før av, så gjett om eg hadde lyst på den kyllingen!!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar