onsdag 3. desember 2008

Fargeprofilar

Ah endeleg!
Etter lang tid, der eg ikkje har forstått kvifor fargane på bileta eg legg ut på internett blir øydelagt, har eg funne ut kva eg skal gjere. Eg må berre forandre fargeprofil! Det har SÅ mykje å seie for korleis bileta blir oppfatta på internett! Kvifor er det ingen som har fortalt meg dette før??? Eg har spurt lærarar, fotografar og andre som berre fuglane veit om, ingen har kome med svar som har hjulpe. Men NO! NO var eg innom fotopia og sjekka litt rundt og kom over ein artikkel om "fargestyring" og "bilder på nett", og der låg svaret mitt!

Herlich!

her har eg testa ut kva som ser best ut. Eg har berre testa RGB, hadde vore morsomt å teste ut CMYK på nett også, men kvifor bry seg eigentleg?

ColorMatch RGB


sRGB


Adobe RGB


ProPhoto RGB



Til vanleg har eg brukt Adobe RGB, men den er nesten verst. ColorMatch RGB hadde eg ikkje høyrt om eingong, men ser i vertfall best ut på min skjerm, skal sjå over dei på skulen sine maskiner seinare :)

Gjett kven som aldri skal bruke Adobe RGB på internettbileta sine igjen!

Ingen kommentarer: