lørdag 21. februar 2009

HAHAAAA :D (mimre)

Er det mogleg?? Fann att den aller første heimesida eg laga, den var høgteknologisk for si tid. Var ikkje mange som hadde slike sider då, ikkje mange som har det no heller, for mykje styr å lage til.

Dette biletet vart laga av Marius som eg gjekk på barneskulen med. Med siggen i kjeften og på skateboard, og "hard to the bone" påskrive. Fantastisk!

Kunne faktisk skate litt før, men berre litt.

Det mest fantastiske med denne sida er at eg hadde teke alle bileta sjølv, bortsett frå dei av meg. Og der ligg det ein nesten komplett oversikt over alle kattane vi har hatt. Med denne informasjonen har vi kunna stadfeste at vi har hatt Snorre i 7 år no. Herlege gamle, gretne katten ;)


Eksempel på mine første portrett, Dette var mitt beste bilete leeenge! (søte vesle guten:)

________________________________________


Snorre og meg på sofaen i dag, bestevennar

Link til sida

Ha ei go' helg!

Ingen kommentarer: