Så, eg tok det med ro, brukte ikkje handa på nokre dagar, fulgte instruksane frå legen og handa gjorde ikkje vondt lenger. Så, går det ann å vere meir idiotisk enn å setje seg ned og redigere bilete i fleire timar i strekk berre fordi handa ikkje gjer vondt lenger? AU! Til slutt måtte eg be Jeanett hjelpe meg med å lage kveldsmat, klarte ikkje å halde noko sjølv.
At jobbinga innebar mykje tid med path gjorde ikkje ting betre. Pirkearbeid kallar eg det, effektivt men tidkrevjande, bra modellen hadde slett hår.
Eit av kontaktarka eg laga av photoshooten med Karoline:

Klipt ut med path på grå bakgrunn:

Lagt på skugge, ikkje heilt perfekt, men hadde vist valt eit vanskeleg motiv:
Og til slutt klipt ut på kvit bakgrunn med skugge under:

Og no seier eg meg sjukmeld fram til etter vinterferia sidan eg ikkje kan surfe webben eingong.
Peace and love and all that shit dude ;)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar