torsdag 12. mars 2009

Gamledagar - igjen

Uff, då har eg gått gjennom enda ei av dei gamle heimesidene mine. Fantastisk. No har eg i det minste oversikt over 3 av heimesidene mine, 2 er gamle og så godt som avdanka. I dag har eg sett på sida eg holdt på med på VGS, mange gamle minner og stilar.


Trur dette må ha vore teikneseria eg laga i 2. klasse på Formgjeving. Ei oppskrift på korleis slanke katten din.


Same oppskrifta, men dette er "for dummies".


Var ein del oppteken av å fargelegge teikningar i photoshop. Jobba ei stund med denne ørkenkrigaren, og var ganske så fornøgd. Hadde ikkje hatt tolmodigheit til det no, never.


Og så fann ej ut diverse effektar, slik som at eg kunne få ting til å gløde. Hærli!


Og ein figur frå ein av dei mange historiene eg kom opp med. Tippar ho her heiter noko som Morelen, Nara, Ham og blæh. Ca.


"Profilbiletet" mitt i mange år. Hekta på ansiktsteikningar.


Og den fantastiske kjolen min. Stramma "korsettet" så hardt at eg ikkje kunne sitte. Komplementærkontrast og svingskjørt. Trur eg hadde kickass-sko også. Var utruleg gøy å lage denne, farga mitt eige stoff, stifta alt saman med stiftemaskin (au), lim og tjukk ståltråd.


Trykk her for å sjå sida. home.no har mykje nedetid, så det er ikkje sikker du kjem deg inn.

Så er det helg snart. Kjem så med bileta frå fargelærekurset.

Ingen kommentarer: