søndag 20. januar 2008

Første innlegg


Tja, eg tenkte eg skulle lage ein fotoblogg. Ein blogg om dei bileta eg har teke og dei bileta eg vil ta. Og kanskje litt generellt om fotografi, og litt smått om meg. For eit fotografi er så mykje meir enn eit fotografi, og eit fotografi er aldri 100% objektivt, om det er objektivt i det heile.

Så kva slags kvalifikasjonar har eg som fotograf? Eg fekk mitt første kamera på ferie i Molde, eit lite kompakt eingongskamera som eg måtte drage opp og trykke på. Mitt andre kamera var sikkert liknandes, og det tredje også, men så bestemte eg meg for å kjøpe eit ordentleg kamera. Det var ein sølvfarga Olympus Mju: 2.. eller noko slikt. Vanntett faktisk! Og eg såg kvaliteten steig med ein gong. Bileta vart mindre kornete og fargane vart sterkare. Etter nokre år med mitt vesle, så blei eg utplassert på ei fotoforetning i 9. klasse, rett etter konfirmasjonen. Etter både utplasseringa og sommarjobb der så kjøpte eg mitt første speilrefleks, ein Canon EOS 300. Eg var så glad i det kameraet, og eg hugsar første gangen eg tok det med ut for å ta bilete. Eg tok bilete av katten, veska mi, ein fugl, blomsteren til mamma, Kriis og nabojenta. Eg var livredde for at bileta ville bli stygge, hadde tross alt brukt nesten 3000,- på kamera. 3000 brukte å vere mykje pengar det, no er det ei veke på jobb (om ein bur heime med foreldra i sommarferia og all mat og slikt blir spandert).

Eg hadde EOS 300 i mange år, ca 5 trur eg. Heilt til pappa bestemte seg for eg eg trengte eit betre, og solgte min sin for 900. Det var ein trist dag, men eg hadde ikkje brukt det særleg på 2 år uansett. For, for 3 år sidan bestemte pappa seg for å kjøpe digitalkamera, men ikkje kva som helst slags kamera, eit speilrefleks. Det var akkurat før digitale speilrefleks for alvor begynte å slå ann som mote, ca 1,5 år før trur eg. Og pappa betalte det på avdrag i ca 3 år. Det var ein Canon EOS 20D, og vi fekk det i hus julafta. Eg begynte å bruke det med ein gong batteriet var oppladda. Og, sidan den gong har eg elska 20D'en min. Eg sa til alle at dette var min store kjærlek, eg skulle gifte meg med den. Eg tok bilde ute og inne, av folk og fe og natur. Eg meldte meg ut av musikk valfaget og inn i fotogruppa der eg faktisk fungerte som ekstralærar i photoshop, læraren var veldig glad for å ha meg med der, for ho satt framleis med "photoshop for dummies" og pugga tastetrykk og snarvegar. Eg gjekk på teikning, Form og Farge og kjente teiknelæraren godt, men eg kunne ikkje melde meg inn i fotogruppa før eg hadde fått tak i digitalkamera.

Photoshop... eg veit ikkje kva tid eg starta opp med det, men heile livet har vi hatt datamaskin og eg forsøkte dei fleste av teikneprogramma og fotoredigeringsprogramma som var, heilt til eg fekk photoshop 7.0 (sjunull). Først lærte eg meg å forandre fargen på huda mi, og håret, og augene. (dette var forresten leeenge før dei fleste andre i det heile fekk tak i ein piratkopi av photoshop og lærte seg å forandre augefargen). Lånte eit superkult digitalkamera frå høgskulen av og til, eit slikt kamera med diskett i staden for minnebrikke, og som var tungt so eit hus, men skjerm på str med nagla på storetåa mi. Eg veit ikkje heilt korleis ting fortsatte, men eg fann ut det meste av det elementære i photshop sjølv, så lærte eg litt frå fotoblad og datablad, litt frå internett og litt frå skulen. meste av det eg lærte på skulen var ting eg kunne frå før, men som eg kanskje fekk lære litt grundigare eller på ein annen måte. Trur eg lærte å maipulere ei markering av nokre studentar.

Fekk forresten eit lite Fuji digitalkamera i julegåve i 05. Elendige hudtonar og kvalitet og frykteleg enkelt å ha med på fest, og skule.

Så var vidaregåande over og eg kom meg inn på Lofoten Folkehøgskule. Lofoten er laaangt frå heime, og eg trur det var ein del av poenget. Eg var på linja Proffoto, som tidlegare heitte fagfoto, men svenskane missforstod namnet heile tida, så dei endra namn før mitt kull (kva dei trudde det betydde får du sjølv finne ut). Eg tok med meg 20D og eit vakkert stativ eg fekk i 16-års gåve, og litt anna rusk og rask, og flytta inn på Kongstein1. Eg møtte mange kjende fotografar og andre folk i bransjen dette året, og fekk til og med oppleve utveksling til Sopot i Polen med to svenske jenter, Ulrika og Emma. Ein månad i Polen kan forandre kvenn som helst.

I polen fann eg ut at eg måtte søke på skular til neste år, og jammen fann eg ikkje ut at Sosialantropologi ville vere perfekt for meg. Undersøke andre kulturar og menneske, akkurat det eg heldt på med i Polen. Etter polenturen hadde fotoklassene utstilling, og kunststudentane i kabelvåg var imponerte over bileta mine (resten gjekk forbi i avsky eller reddsel), fekk ikkje solgt noko, men kvenn ville ha kjøpt desse merkelege bileta uansett?

I somarferia jobba eg konstant, 3 jobbar på 3 månadar, og eg kjøpte med eit 400D med første lønning. 400D var sjølvsagt ein eller to, tre steg ned i kvalitet, men det var billigare og lettare og hadde kvalitetar som 20D ikkje hadde. Sjølvrensande var det, 20D hadde plaga meg i mange år med små grå flekkar på bileta. Eg tok nokre gode bildeseriar med 400D, men kvaliteten var alltid litt irriterande, megapikslar har ABSOLUTT IKKJE noko med kvaiteten å gjere.

Men då eg flytta til bergen vart kameraet vått av regn ein frykteleg dag i fadderveka. eg ville reparere det, men det viste seg at reperasjonen ville koste minst 5000 og ikkje var verdt det uansett, for andre skader kunne komme til syne seinare. Så fekk eg eit 30D på forsikringa, mot ein eigenandel. Eg fekk valet frå pappa: enten så betalte eg eigenandelen på ca 2000 eller så ville han ta 30D og gi meg mitt kjære 20D tilbake. Eg gjorde litt research, som til slutt gjorde at ein vakker dag blei gjenforent med 20D. Og slik er det no, eg har 20D, med Speedlite, tre objektiv og fotobag. Photoshop CS3 og eigen printer har eg også... XD + eit Canon ixus 70, til å ha i lomma (for det gamle blei rappa på pubben)

Så eg kan anta at eg har holdt på med fotografi i 8-9 år, photoshop sidan 7.0 generasjonen og digitalfoto i ca 5 år.

Det var mitt første innlegg, håpte det ikkje blie for langt.

Ingen kommentarer: