mandag 21. januar 2008

Morgen oktober 05

Det var ein tidleg morgon i oktober 2005 ein gong at eg vakna slik at eg såg bort på stativet mitt som stod på den andre sida av rommet mitt. Eg var trøytt og hadde enno ikkje gnidd rusket ut av augene mine, men kreativiteten slo til for fullt.
Eg satte kameraet på stativet og peika det mot senga mi, så slo eg på tidsavløysaren og labba mot senga og etter ei lita stund hadde eg teke 25 svart/kvitt bilde og eit fargebilde. Midt i "seansen" kom katten inn og han fekk bli med på nokre av bileta. Bileta med katten vart ikkje bra, han kunne ikkje sitte stille.



Vart faktisk ganske førnøgd med bileta, for til stross for at eg laga til alt så er bileta ekte. Eg var verkeleg trøytt og lyset er 100% naturleg frå vindauget. Dumt eg ikkje tok dei i fargar slik at eg hadde fleire val etterpå

1 kommentar:

Anonym sa...

Likte dei bilda, rett og slett! :)