onsdag 13. februar 2008

Dagens fotografiske opplevingar

Det har vore ein spesielt koseleg og merkeleg dag. For det første så var det sol, fuglesang og fotballsupportera og for det andre så har eit høgt antal framande snakka med meg på gata, heilt uoppfordra.



Eg drog litt tidleg inn til byen før forelesning i dag, for å sjekke ut livet og vandre litt. Då eg skulle oppover mot fakultetet bestemte eg med for å gå forbi fotballpubben. God idè;) Som forventa så var ikkje lyden akkurat lav i akkurat det området. Fulle, halvfulle og oppstemde britar skravla, song og gaula inne og utanfor. Og eg stod på trygg avstand og tok bilete. Har høyrt om at nokon av dei har litt av eit temperamang, hadde sjølvsagt sjekka bt.no i dagtidleg.






Medan eg stod der og tok bilete kom ei dame bort til meg og begynte å snakke med meg. Spurte om det var i dag kampen er. Ja... nei... jau... det er nok det. Og så pluttseleg begynte ho å fikle med skjerfet mitt (kva i helsige... tenkte eg). Ho hadde då fått eit glimt av Lofoten Folkehøgskule logoen min på jakka, og då la eg merke til dialekta hennar. Ho var nemmeleg frå Henningsvær. Så hyggeleg. Då eg gjekk der i frå tenkte eg at eg aldri har møtt ein kjedeleg nordlæning, og dei kan virke meir sosiale, og til og med meir høgrøysta enn bergensarar(!).



På veg til bussen etter forelesning blei eg stoppa av fire svæære Everton supporterar, med kamera. "Hey! Can you take a photo of us, love?" ja, sjølvsagt kunne eg det, men eg måtte få lov til å ta eit bilete av dei med mitt eige kamera også. Dei tolka meg heilt feil :( Så pluttseleg drog dei meg inn i gruppa og prøvde å ta bilete av alle fem. Det gjekk ikkje så bra, så dei stoppa ein sjette person for å ta bilete av meg, skvist i mellom fire svære britar. Dei lukta litt røyk og øl, ikkje så uvanleg eigentleg. Dei song og skråla heile tida, og gjekk vidare i fotballrusen, mot fotballpubben. Eg sjangla vidare i ei slags minisjokktilstand; det var då voldsomt kor folk skulle ta kontakt i dag.



Eg har då fått bekrefta at dei mest sosiale menneska eg veit om er nordleningar og britar. Har aldri møtt på ein einaste ein som har vore usosial eller kjedeleg.
Og, har også tenkt igjennom kva som får ukjende folk til å ta kontakt: kamera, fotball, ein baby på arma eller ein hund i band. Så om eg verkeleg vil tiltrekke meg folk bør eg spele fotball med kamera i ei hand, ein hund i band i den andre og ein baby på ryggen.. eller i det minste ha på meg supporterskjorte ;)

Dumt det er mørkt om kvelden, for eg burde verkeleg ha vore i byen og teke bilete i kveld!

*Hugsar forresten noko som skjedde på bussen til sentrum i dag. Var på veg inn mot danmarksplass då ein halvstor lastebil med usikra last prøvde å presse seg forbi bussen. Eg satt rett bak bussjåføren og vart like sjokkert som ho. For lasta bestod av lange plankar som stakk ut på alle kantar, lastebilen tuta og ein av plankane small inn i fronthjørnet på bussen med eit stort "bang"! Er då glad for at den traff ein meir stabil og sikker stad på bussen enn vindauget. Hadde det berre vore litt annan vinkel så hadde vel planken sust gjennom vindauge til bussjåføren eller meg. Bussjåføren vart forresten ganske forbanna. Stakkars :(*

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei lovise, kor mykje spennande du oppleve då. Sånn e det ikkje på Sæbø.