Møtte ein nydeleg hund, tispe trur eg ganske sikkert. Ho hoppa rundt om kring eit godt stykke framfor eigaren. Og sola skein så fint gjennom pelsen hennar. (eg trur eg er litt forelska)

Og ved stavkyrkja så fann eg noko eg kunn har sett på film og i teikneseriar; inngraveringar i tre. "vi var her då og då", "eg elskar Martin" og slike ting. Det var så koseleg, mange var også ganske gamle. Så koseleg!

Eg vart ganske opptatt av å ta bilete av skuggar og lys. Såg ut som haust og bakken var oransj av lauv. Så eg gjekk rundt og sklei og tok bilete av skuggane.

Og så ein liten tankekommentar til den polske fotografilæraren Jerzy Hejber: Ja, eg hadde faktisk dette i tankane då eg tok biletet! Då bør det vere godt nok, right!

Eg tok med vilje bilete av sola, for eg har gode erfaringar med at sola kan vere god å ha som ein liten spesialeffekt (spesielt når ein ikkje har filter eller solblendar). Og her var det absolutt nydeleg!

Så, tilbake til hunden, som eg møtte på ein gong til. Ho suste fram og tilbake med ein kjepp i kjeften. Sneia nesten borti meg fleire gongar. Koselege hund.

Så gjekk eg godtrimma og fornøgd tilbake til østkantblokka mi igjen :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar