Eg vil gjerne oppsummere dagen i dag som ein dag av farge. Og fargane er sjølvsagt blått og gult.
Men først; kva har eg gjort?
I dag fiksa eg ferdig siste delen av ein søknad og putta den i min fine og blå pose frå norli og stakk til byen for å skaffe mappe/perm å levere den i (vil i det minste gi litt bra inntrykk). Mannen på studia såg på posen mi og sa "du er jo litt freidig som kommen innom studia med pose fra norli, hvorfor har du det?" Eg vart litt forfjamsa og svarte så søtt eg kunne "fordi den er så fin og blå." Og mannen svarte "ja, og våre er fine og lilla." og eg sa "Ja, eg kan godt få ein fin lilla pose," men då sa han "ja, eller du kan kjøpe denne fine og svarte tøyposen med studia print på." og so berre "smålo" eg litt og gjekk for å sette papira mine fint i permen/mappa. Den fine posen min er nemmeleg lykkeposen min, rett og slett fordi eg får plass til ein A4 konvolutt nedi den. Eg har bært 2 søknadar i den og om eg kjem inn på begge skulane så skal eg ramme den inn, om eg ikkje kjem inn nokon stad skal eg brenne den på ein offentleg stad. Så no er det sagt!
Eg leverte faktisk søknaden direkte. Det var skummelt, for inngangsdøra var så svær at eg nesten ikkje fekk den med på bilete. Men då eg kom inn fekk eg nesten sjokk. Du veit, ein brukar som regel alltid å sjå for seg korleis ein trur ein ny stad vil sjå ut. Eg har tenkt ofte på korleis det ser ut på høgskulen, men at det faktisk skulle stemme, det hadde eg ikkje trudd. Trappa var akkurat der den skulle vere og gangen også... kansje eg har sett bilete av den nokon stad? uansett så fekk eg då levert søknaden personleg, det var ikkje så skummelt eigentleg, fekk eit behageleg inntrykk av gangen.. og eit kontor.

Så var det så nydeleg ute i dag, og det er det framleis no. Så eg tok ein del bilete av bilar, folk og blå himmel. Fontena i dammen (den store konstruerte dammen midt i byen) var slått på, plenen var grøn og eg tok bilete som ein teit turist. kvifor føler eg meg som ein teit turist kvar gong eg tek bilete at ubetydelege ting eller av typiske kjennemerker?

Og så var det gult då. Bussen og to gravemaskiner. Eg er litt glad i gult i dag. Og gangen min er gul. Alt er gult!
Det stoppar forresten veldig mange småbarnsforeldre rett ved posthuset fordi dei aldri får småungane sine forbi gravemaskina. dei står der og peikar og ropar "gjavemaskin" på språk eg ikkje forstår. Dei er så søte, men mødrene er sikkert litt frustret.

Temaet i gangen min er gul, det er andre tema i andre etasjer. Synst synd på dei som har temaet "null farge", for det er det faktisk nokon som har.

Og til slutt bilete av grå austkantblokk med blå himmelrefleksjonar (du har fantasi ikkje sant?)
Og det var dagen min. Eg har meir lyst til å springe ut i skogen og leike med dådyra, men eg må no sitte her og lese :(
Gudd dei to ju tu!

2 kommentarer:
Kor e dådyra?? Ej me vil :P
Ja, veggura e nok til salgs, i ikke altfor long framtid.
sukk, ej veit ikkje kor dei e. men ej såg pluttseli for mej at ej ville ut i skogen og springe m dei meda sommerfoglane flaksa omkring og foglane synge
Legg inn en kommentar