søndag 13. april 2008

heihei

I dag tenkte eg berre å legge ut ein musikkvideo av eit band eg rett og slett elskar. Vart kjent med dei gjennom ein venn frå Kviterussland som sendte meg cd'en "reflections" og har elska dei sidan den gongen. Eg har nesten alle cd'ane untatt samlecd'en, den gidd eg nesten ikkje kjøpe fordi eg allereie har nesten alle songane, og skal eg då betale 169,- for ein song?

Apocalyptica starta opp med fire celloar, gjekk ned til 3 og er no oppe i 4 igjen. Etter kvart som dei har blitt meir varme i trøyene har dei leigd inn andre musikarar og songarar til å delta i enkelte nummer, men eg synest fortsatt dei reine cello-stykka er dei vakraste. Filmen eg vil vise er frå den siste cd'en "Worlds Collide" og heiter "I'm Not Jesus". Ville forsøke å vise ein annan, men fann ikkje den orginale versjonen, berre nokre dårlege oppfucka greier. Så... enjoy!



Apocalyptica er også inspirasjonskjelda mi i mange samanhengar. Spesielt dette biletet har blitt påverka av Apocalyptica.



Skal legge ut kva song som spesielt har påverka meg når eg kjem over han :) eller, der er så mange!

(PS: Apocalyptica har som regel, vertfall før, utruleg rare og faktisk teite videoar. Det er ein grunn til at eg aldri ser på mtv eller andre slike kanalar. Musikk er til for å lytte på, om ein ikkje då har ein verkeleg bra video å vise)

Ingen kommentarer: