Ho har teke nokre bilete av meg, og det er dei eg vil vise sidan eg ikkje har moglegheit til å spørre dei andre modellane hennar om lov.
Jeanett er perfeksjonist, og lykkast med det. Det er nok hemmelegheita bak bileta vil eg tru.
Her trur eg at oppgåva var "fruktig" eller noko slikt. Vi gjekk ikkje i same klasse, men Jeanett rula klassa si lett.

Teke i forbindelse med same oppgåve, men resultatet er totalt annales. Eg klarer fortsatt ikkje å forstå at eg kan sjå slik ut. All ære til Jeanett

Ser eg bra ut som frosk? Sjå, eg ser faktisk barmfager ut også :)

Skulle eigentleg legge ut bilete av sola og slikt, men det tek for mykje tid og i dag må eg lese faghistorie. Litt provoserande å lese antropologiske verk frå 20-talet. "Savages", "villains" og slike terminologiar var akseptert på den tida. No er dei på same linje som "neger" og "eskimo". Whoho.. så, tilbake til mytologi i Melanesia.
PS: Vil nok fortsette med å legge ut bilete av flinke folk eg kjenner, og kansje av flinke proffar eg kjenner til eller likar også :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar