Vi stod og venta på nokon som aldri kom, men dei som derimot kom var Diederik og Leila. Leila tok gitaren til Rokas og ville brukde den som våpen (like greit, den er frykteleg sur uansett).
Først vente litt meir, så hente ved med Ignas
Eg har faktisk aldri sett eit bål bli tent så fort. veden var TØRR og det var alt smårusket vi fann også.
Vi grilla pølser først. Eg snurra bacon rundt pølsene mine og fekk baconpølser. På tide å bruke opp baconen min uansett. Så når bålet hadde slukna litt la vi på poteter i folie og baka dei. Dei smake godt med smør.

Her har dokke min nye favorittmodell! Wonder why?
Konfirmasjonsbilete av Ignas og litt einsam ved elden.
Denne staden, som forresten ligg rett ved stavkyrkja, er ein populær stad for å lufte hunden sin i området. Eg er sikker på at vi såg omlag 20 hundar til saman. Nokre store grupper, og andre meir einsame.
Vi kasta frisbie og spang rundt i skogen. Rokas og Ignas tulla med Justa på ein bakketopp :)
han har så mykje energi at det nesten er umogeleg å halde følge! *phu*
Likte litt desse bileta. Hadde berre Justa og Ignas sett litt meir lykkelege ut. men dei var fine :)
På bakketopp som såg ut som grunnmuren til eit tidlegare tårn. And we looove the nature!
Så, etter at vi hadde sprunge rundt i skogen ei stund pusta vi liv i bålet og grilla fleire pølser og eg serverte lefsene, som dei faktisk likte ganske godt. Rokas prøvde seg på gitaren og overraska med ein liten melodi. Men, å synge... det kan han ikkje. Fy, så surt! (hysj)
Dagen var kjempefin. Eg har lært meg ting eg ikkje kunne før, og eg fann ut at eg ikkje kan å treffe med frisbie. No luktar eg bål på laaang veg! Fysj... kameraet mitt også:) Sorry for alle bileta, men eg hadde det så gøy i dag og tok rundt 200 bilete. Whohooo!

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar