Eg har hatt photoshop sidan versjon 7, hoppa over CS, men har hatt CS2 og har no CS3. Hadde også nokre rare program som Paint Shop Pro før photoshop, og brukar faktisk Paint regelmessing enno. Rett og slett fordi vi fekk så grundig opplæring på form og farge.
Eg brukte å vere glad i masse photoshopping slik at bileta mine såg heilt rare ut. Heldigvis har eg fått litt erfaring og endra metodane mine. Er flittig brukar av layers. Brukar utruleg mange layers også, extremt! For, det er så herleg å åpne eit bilete eg har arbeida på og så ha moglegheita til å hente fram info frå orginalen!
Men så finst det photoshopping/fotofikling som eg ikkje er så glad i, og det er det eg kallar Se&Hør fiksing. For har ikkje også du oppdaga at alle kjendisane har unaturleg kvite tenner? Slike tenner som ikkje eingong blir mørkare di lenger bak i kjeften dei er, som om et er innlagt belysning for tennene? Og augene! ÆSJ! Eg likar det IKKJE når det ser ut som om augekvita skal til å poppe ut av augene. Greit at ein kan få augene til å vise meir, men når dei ikkje lenger ser runde ut då snur eg meg i grava (når eg får ei grav altså).
Vakre Leila har her fått så kraftig overhaling at det nesten ser ut som om eg har limt inn nye tenner.
Jah... eg såg gjennom YouTube, og såg ein liten film om korleis endre hudfargen til folk. Eg likte ikkje måten eg fekk forklart det på, og fann min eigen måte, som eg synest fekk betre resultat. Eg hugsar ikkje kva denne karen heiter, men han var på ein fest. Har gjort litt meir enn hudfarge forresten. Tok ein Michael Jackson på han.
Ja, då har eg illustrert to photoshop-metoder. Litt overdriving. Eg kunne ha gjort meir, men det hadde eg ikkje hjarte til. Eg likar rett og slett ikkje å øydelegge bilete (alt for mykje). Eg har eigentleg ikkje gjort så mykje, eg har berre gjort nokre enkle grep, og har kansje brukt 30 min til saman.

2 kommentarer:
du er så flink! :)
wæw! bra forbedring.
Legg inn en kommentar