Aldri har eg vore så lykkeleg og frisk som då eg var på utveksling i Polen. Sjølv om eg ikkje forstod stort av det lærarane sa, så fekk vi sett litt og lært litt. Eg lærte meg eit nytt språk, tok bilete, fekk vennar, festa og arbeida knallhardt kvar dag.

Emma, Michael, meg og Ulrika. Michael var ein vi blei kjend med som guida oss rundt. Eg tek meg rett og slett ikkje ut på bilete som andre tek av meg :( Eg ser alltid uoppdragen og barnsleg ut... æsj

Den vakraste staden i heile Sopot var moloen. Det yra av mennesker der dag og natt. Vi stod opp tidleg ein morgon og møtte på folk som enno ikkje hadde reist heim frå fest. Møtte også på ei sprø dame som trudde ho var lærar på fotoskulen, det var ho altså ikkje.

Og dyreliv var det også på stranda og moloen. Svaner og hundar.
Eg er sikker på at det er minst ein hund i kvar einaste polske familie. Gamle damer hadde store beist, og store mannfolk hadde små som titta ut av jakka. heilt fantastisk. Såg nesten ikkje kattar, skal tru kvifor. ^^
Prosjektet mitt var polsk ungdomskultur. Det endte med at eg besøkte et tattoo- og piercingstudio i to veker. Eg vart kjend med dei som arbeida der og med andre som var i den kretsen. Fulgte også ein student som dreiv med utruleg bra grafitti:)

Mine første forsøk på å finne ungdomskultur. Eg fann musikarar, sjonglørar og flammekastarar.
Michael viste oss skogen

David var den som tok for seg piercingdelen av studioet. Han hadde særs dårleg hukommelse og gløymde meg kvar gong. Men han lagde god te til meg og underholdt med å pierce seg unødvendig i kinnet. Han synst også at nordmenn blør litt for mykje.
Resten av fotoklassene dilta etter etter to veker, og vi hadde oss ein fin tur til ein ørken.
Og, vi lærte å bruke naturleg lys og omgjevnadar ute-
Eg saknar Polen, Sopot og Gdansk. Det er akkurat eit år sidan no. Det er no at sola står tidlegare og tidlegare opp og veret blir varmare der.
Så... skal eg kanskje ta å arbeide litt??

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar