søndag 18. mai 2008

17. Mai i Bergen

I år feira eg ikkje 17.mai heime, eg feira det i storby, med kjempetog, ballongar, gateseljarar, 1000 forskjellige bunadar og masse anna rart.

Eg tok på med bunaden på morgonen, med syljer og skjorte og "bunadssko". På busshaldeplassen kl 10 var det fullt. Har ikkje vore så mange folk der før. Første bussen stoppa der og tok med seg halvparten, så suste ca 5 bussar forbi fulle av folk. Eg naut stor oppmerksomheit på grunn av bunaden. "Wow, is it real? So cool!" Og nokre av utvekslingsstudentane hadde på seg kreative alternativ, som flagg og andre ting i raudt, kvitt og blått.


Italienske Giosue drog saman to bunadkledde folk og ville at eg skulle ta bilete. Han er ikkje akkurat sjenert han nei. Atle (utan bunad) og Anne-Marit stilde opp med 17.mai sløyfer. Anne-Marit turde ikkje ha på for stor, fordi det ikkje var hennar nasjonaldag. Hm...


Eg og Rokas pressa oss gjennom folkemengdene og fekk sjå toget fleire stadar. Korsp og buekorps og militæraktige folk. Og eg berre elskar dei små maskotane, som ofte gjekk fremst saman med dei store gutane ^^,


Kva er vel 17.mai utan ballongar og "ballongar"?


Ungar i tpg er både kule og søte. Og SJEKK: det var ikkje berre eg med sunnmørsbunad. Syntes eg såg hjørundfjordbunad også, men kjente ikkje ho som hadde den på.


Har eg sett denne før, har eg spelt den før? Det var noko merkeleg kjent ved dette notearket.


Og plutseleg kom det ei lita jente og klamra seg til føtene mine, så såg ho opp og vart ganske forskrekka, for det var ikkje mamma ho klamra seg til. Og mamma kom og lo litt og jenta såg heilt forvirra ut. Dakal lisje.


Rokas og Hugo var kjekke å ha på 17. mai. Rokas for i 12 tida for å skrive oppgåve, så kom Hugo kl 1 og vi gjorde noko så utradisjonelt som å fare på kebabsjappe! Sjappa var full den, men eg var den absolutt einaste med bunad der. Følte meg litt for fin og annaleis, i motsetning til ute der eg var ein i mengda, snålt. Vel når ein først har første 17. mai feiringa utanfor heimbygda så får ein berre bryte alle tradisjonane som kan brytast. Åt heldigvis både is og pølse, så det var litt tradisjon på gang.


Seinare på kvelden for vi tilbake til byen for å sjå på fyrverkeri. I bussen skulle ei av oss ta bilete av alle oss bakerst i bussen, så høyrte vi frå bussjåføren "SMILE", og vi knakk sammen av latter. Vi prøvde ein gong til å ta bilete så kom "CHEESE". Eg trur kanskje det vart eit bilete til slutt.

Rokas badar i ballongar.


Solnedgang
Litauenske, tyske og norske folk
Og... FYRVERKERI!



Håper du også hadde ein fin dag :)
Hipp Hurra

1 kommentar:

Anonym sa...

Men kvar er biletet av Lovise i Sunnmørsbunaden då? Kjekt å sjå korleis du hadde det, finever var der visst også. Mamma