torsdag 15. mai 2008

Ingenting eigentleg

Eg følte berre for å legge ut noko, men har ikkje noko å legge ut. Levere inn oppgåve i morgon og eksamen på tirsdag, bryllaup på laurdag som fotograf. Til trondheim 30. mai og siste eksamen 6 . juni. Sommarjobb frå mideten av juli. Altså, eg har ein månad fri til å gjere kva eg vil, utan pengar. Perfekt å ha sommarferie først og så jobb, men det betyr at eg ikkje får kjangsen til å bruke dei opp på vrøvl som reising og morsome ting.

Bilete:

Eg og Rokas hang oss på ein gjeng som skulle til ein kinarestaurant der det var gratisk konsert i 2. etg. Fordi vi kjente nokon som kjente ho som sang. Eg og Rokas underholdt oss sjølve i pausa med å ta bilete av ølen framfor eit te-lys. Koseleg hobbyproblem.


Andre hobbyproblem er øyrepynt. Det er kjempegøy og ser bra ut, har faktisk motteke 3 komplemang allereie. Skal ikkje utvide meir no på ei stund, kansje eg skal ta andre øyra??



Det var dagens. Det regnar ute, naboane ser på "Sex in the City" som dei har gjort maaange dagar på rad. Ei natt hadde dei på så høgt at det høyrdes ut som om det ver kinoanlegg. Då var det tett før eg klikka! Og folka på pubben ler og ler og ler, eg vil også le... :(

Skrive skrive skrive blablabla
Bamsemums anyone?

Ingen kommentarer: