lørdag 3. mai 2008

Min første modell

Eg har teke bilete av mange slags ting, som blomster, fjell og dyr før eg starta med menneske på alvor. Min første modell var katten min, og andre dyr/kattar. Desverre kan eg ikkje finne att halvparten av dei bileta eg kan hugse å ha tatt. No har eg samla litt og vil vise litt av samlinga mi av Snorre Sprett Amadeus Mozart Mo (han er særs musikalsk)

kvifor likte eg å ta bilete av katten? Kattar er ganske søte, og eg er kjempeglad i pusen min.. vår. men, det er ikkje alltid like enkelt å ta det perfekte biletet, for han står liksom ikkje stille av ein eller annan grunn. Men, han gjer seg ikkje til, han tek fotograferinga som det er; ein diger dings i trynet mitt.


Kvifor heiter han Snorre Sprett Amadeus Mozart Mo?


Jau, no skal du høyre. Vår gamle katt heitte Snorre Rasmus Mo, og vi måtte difor finne eit nytt namn, då vart det Snorresprett, men vi kallar han berre Snorre, og den gamle som Gamle-Snorre


Kvifor vi la til Amadeus Mozart... ja.. hm.... nei, det hugsar eg ikkje. det er ei stund sida no. Eg gjekk fortsatt på ungdomsskulen, sikkert rundt 8-9 klasse eller yngre.


(Bilete teke av mamma)
Snorre er særs glad i mat, mamma synst han er feit. Men, han er berre litt lubben. Foreldra mine behandlar han som babyen sin, no etter at dei verkelege babyane har flytta ut. Og det er berre eg som har viljestyrke til å sei nei når han ser på oss med dei store kattungeliknande augene sine og vil ha mat.


Snorre er mest glad i meg...
Inspirasjonskjelde: icanhascheezburger.com


... og ikkje Hugo!


Ein tidlegare nabokatt (veit ikkje om den er i live lenger)

Så... tingen er at eg saknar pusen min, og har lyst på kjeledyr, men kan ikkje fordi eg bur i blokk. Gje meg ein pus eller hamster, så skal eg vere glad i deg for alltid!

God helg :)

1 kommentar:

Anonym sa...

Haha, morsomme kattebilder! (: