Ah, endeleg heime! Og eg er i full gang med forbereiingane til bryllaup. Testar ut fagre vinklar, snakkar med brudepar, kjøpt inn antrekk (sjølvsagt) og les blad med tips. Får bli med frå sminkinga til festen er over. Har faktisk fått plass ved bordet, plassert slik at eg kan stikke opp i "galleriet" og ta bilete ned over festen, pappa er assistent (og lydmann).
I dag tok pappa med seg ein vidvinkel heim frå jobb. Han kan berre stikke innom medialinja og låne objektiv no og då, og i dag lånte han Sigma 10-20 1:4-5.6. Den har sjuk nærgrense og eg blir litt svimmel av å snurre rundt med den. Men, dritkul er den!
Første eg fann ut var at om eg ville ta bilete av katten så fekk eg med meg ganske mykje meir, så eg testa det ut på eit par tåfisar. Meg og pappa.
Og om bilen ikkje var feit nok frå før, så er den det vertfall no! (bittelitt redigert)
Det er ikkje ofte eg får med meh heile Olavshola og omkringliggande fjell! yay!
Ein gamal nabo vart litt nysgjerrig og kom for å snakke. No veit eg at i bergen for 60 år sidan kosta det 11 kroner timen for å lærekøyre, og dei tente 2,50 kr i timen, så det var fortsatt masse pengar.
Eg berre MÅTTE! Men, det blei ikkje heit oppi trynet.
Så det er dagen min. Skal skrive ferdig oppgåve, fekk litt meir tid fordi dei trur at det kjem til å bli bra, så dei let meg ikkje stryke :) Snilde menneske :D
1 kommentar:
Farfar!! Viss du gir na dissa bilda so blir han heilt i ekstase.
"Nei, og nei! Sjå på ditta. Hahaha. Tenk alt so går an no til dags. Jøjje mi tid. De e so mykje løye. Sjå på ditta!"
Legg inn en kommentar