På laurdag drog vi på vikingfestival, eg, Rokas og Victoria som som heilt i frå Litauen for å sjekke ut norske vikingar. Ho er også ein av desse raringane som studerar norsk i utlandet, forstå det den som kan. Litt vanskeleg å finne ut heilt kvar det var, men saman med ei amerikansk dame fann vi vegen.
Og vikinghar fann vi. Det var meir som ein marknad enn festival, det var boder over alt, med spanande ting som smykker, runer, skinn, horn, knivar, sakser, perler.. ein kunne finne ALT. Untatt ordentleg mat. Dei selde pølser og sjokoladekake og brus.
Og sjølvsagt var det kamparena med sverd, økser og spyd. Og oppvisning to gongar dagleg.
Det klinka og klanka i sverd og skjold. Men latteren var laus, så vi vart ikkje så veldig redde akkurat.
To unge bestemte seg for å gi laus på kvarandre med berre nevane, men ei nonne vart forbanna og bestemte seg for å avslutte heile kampen og drog dei ut etter øyrene. Tøffe damer vettu ;)
Av og til begynner ein å lure på kva vikingane eigentleg tenkte på.

Victoria fekk ein svensk viking til å ta livet hennar. RIP
Vikingskip og tøffe damer
... og fakir sjølvsagt
Ikkje berre var han dyktig, men morosam også. Håper berre småungane ikkje forstod alt han gjorde.
Mister Svensk Fakir prøvde så godt han kunne å brenne seg mellom beina og det var ein liten tass som forstod ganske godt og ropte "hotdog"!
Aj aj aj! Varfor gjør du på detta viset??

Etter ein lang og fin dag (avslutta med høljeregn, hagl og haiking heim) tok vi oss ein øl med dei nye horna våra. Min var så liten at den berre romma ein halv desiliter.
Det var ein fin dag.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar