torsdag 12. juni 2008

Farvell Hugo

Tirsdag var ein trist dag. Eg stod og hulka ved busshaldeplassen etter å ha teke farvell med Hugo. Eg kjefta på Paul fordi han var forsein til forelesning, slik at eg kunne få bli åleine. Før han tok flyet sendte vi dei siste meldingane og ein telefonsamtale, det var koseleg.

På mandag hjalp eg til med ryddinga og pakkinga. Eg fekk maaange avskjedsgåver, ting som han ikkje kunne ta med. Eg fekk "papirstativ", førstehjelpspakke, lakenpose, pledd, pennar, sysaker, glitter (kvifor han hadde det for spurte eg ikkje om), kinesisk vifte, sjokolade, bimders, lampe og mykje meir. No viser det ikkje lenger at eg vaska på søndag :(

Seinare på kvelden såg vi på zombie/vampyr-film. Den var ikkje akkurat skummel, men det var splatter med masse blod, gørr og øksehogg i strupar. Yay! Så kom Charlotte og Ayaka og det blei teke litt bilete :)


Hugo, Ayaka og Charlotte

Ting ein kan gjere med ein paraply:


Støtte seg


Stå under den


Bruke den som våpen


Sjå sofistikert ut


Eit smil og ein latter eg kjem til å sakne!


Og så er han litt pen også

Så får eg berre håpe på å treffe han om to år, eller ta meg ein tur til Hong Kong. Der skal vist vere gode shoppingmoglegheiter;)

Ingen kommentarer: