torsdag 19. juni 2008

Plagiat

Det er ikkje til å tru alt ein kan lage rettssak av for tida, det einaste folk tenker på er pengar, eg begynner å bli dritleid no.

Det er tudlegvis ikkje mogleg å ta bilete av noko som helst lenger utan å bli beskulda for plagiat. Ein kan ikkje lage noko som ikkje er laga frå før. Den som oppfann buksa burde anmelde alle bukseprodusentane og designerane i verda, Det er ikkje måte på.

Berre sjå her

For nokre år sidan, då eg gjekk på vgs, anten andre eller tredje året så kom eg på ein ny smykkedesign. Eg hadde sett mange med høyretelefonar om nakken når dei ikkje brukte dei, og tenkte eg burde ha slike, men det einaste eg hadde var øyreplyggane mine. Så, eg tok øyrepluggane mine og festa dei rundt halsen og vips, så hadde eg eit nytt smykke. Fekk gode tilbakemeldingar av folk som syntest eg var oppfinnsam. Eg var ganske stolt. Så etter to eller tre veker las eg ein designar som ville anmelde eit selskap for plagiat av hennar smykke, øyreproppar i sølv. Er det verkeleg mogleg? At tre stk hadde den same idea samtidig? Kven er det då som plagierar og kven kom på det først?

Andre saker eg kan nemne er eit selskap som har teke patent på ein rosa-farge i reklame. er det mogleg?? Då vil eg ta patent på portrett og kobolt blå, då får berre eg ta portrett og bruke kobolt. Kanskje kan eg ta patent på eit flørtande blikk eller eit spesielt studiooppsett, slik at alle som vil gjere noko liknande må betale meg først. Geniale forretningsidear.


Meg med mitt orginale smykke på ein fest i fjor.

Verda er sjuk, og no er det bevist!

1 kommentar:

Anonym sa...

Kanskje det egentlig var du som hadde ideen først og som anmelde dem for plagiat.