tirsdag 17. juni 2008

Web-design

Av og til blir eg så utruleg frustrert av enkelte nettstadar som ikkje har nokon form for brakarvennleg design. Då vil eg nemne VG og Side2, skulle også ha namnt SeHer (se og hør) men i dag ser det faktisk ut som om dei har gjort det litt ryddigare, endeleg.

Mest av alt er det VG som er ubrukeleg, er det MOGLEG!? Det er utruleg stygt med tekst med 10 forskjellige storleikar og typer på ei side, og når dei ikkje eingang fungerar som link til artiklane.. kva er då poenget med 40 i storleik??

Side2 har plagsome reklamebanner som heile tida hoppar framfor nasa mi. Eg trur faktisk augene mine har tilpassa seg sida ved å ikkje fokusere på fargerike ting som bevegar seg.

Ellers så har eg tilpassa meg masse reklame og pop-ups på andre nettstadar, men når dei begynner å forstyrre lesaropplevinga mi og blokkerar det eg eigentleg er inne på sida for å sjå, så kan eg ikkje hjelpe for at eg rett og slett kan bli både frustrert og forbanna.

Konklusjon:
Det finst faktisk fortsatt folk som ikkje ser utbyttet av rydding og estetisk utsjånad. Altså!

Ingen kommentarer: