Frå no av skal ej jobbe dag og.. ja kvar dag (untatt helgene) på sjukeheimen som vaskedame. I år skal eg unngå å farge alle trusene rosa. Eg vil då presentere mine gode bestemødre Liv og Anna. Eg er faktisk oppkalla etter dei, believe it or not. Liv og Anna = Lovise og Agnethe ( L+A). Det er i alle fall det eg hugsar at mamma sa ein gong, og det passar fint:)
Anna:
Status: Bestemor (mamma si mamma)
Sivilstatus: Enke
Bustad: eldreheim
Bestemor er toppen. Ho laga masse "bestemor-sild" då vi var små, det var det einaste eg hadde på skivene mine då eg var på besøk i gamledager. Ho elskar å fore "bonnebonna" og styrar med noko heile tida. Ho likar godt å synge, og sang mange gode godnatt songar til meg då eg var lita. Eg har lyst til å arve håret, fordi det heldt seg brunt så lenge.
Liv:
Status: Farmor (pappa si mor)
Sivilstatus: enke
Bustad: heime i sin eigen heim
Farmor er tøff, moteinteressert og har grøne fingrar. Ho elskar også å fore "bonnebonna" med så mange kaker ho kan makte å lage. Ho vil helst at mødre skal bli kalla mor og ikkje mamma, og må halde litt etikette blandt fintfolk. Ho var odelsjente i si tid og har skaffa meg ein tur eller tre til tyskland. Viss du lurer på kva som er "must" på motefronten i år er det berre å spørre, og så legg ho ved kva farge som er inn også. Nyttig;) Eg vil arve gnisten hennar, fordi den har ho.
Berre tenk kor hardt det var å vere mor før i tida, i tillegg til gardskjærring... uff og uff. Ære vere bestemødre (og bestefedre for dei som har).
Kos dykk med sumaren

3 kommentarer:
ååh. for et KOSELIG innlegg.
Kor fint du beskriv bestemødrene dine, må vere veldi gla i dei?? Flotte bileter ogso.
Aw, koselig innlegg ja :) Jeg er veldig glad i besteforelda mine jeg og. Liker å mate barnebarna sine de og, haha.
Legg inn en kommentar