fredag 19. september 2008

Det tek si tid

Ein ting er det å ha skisser og ein plan, noko heilt anna er å gjennomføre det. Av 3 lyssettingar til portrett gjennomførte eg fint 1 av dei, resten må eg gjere om att, med ny modell denne gangen.

Å lyssette ei boks var ikkje så vanskeleg eigentleg. Skulle helst hatt mindre valørar på bakgrunnen, men eg brukte det ferdige oppsettet i studio og orka ikkje lage ny bakrunn.

Dette biletet skal eigentleg vere analogt, men akkurat no ligg filmen på skulen og skal forstørrast etter helga. trur eg fekk ein bra film. Tok også med meg mellomformatkameraet ut på byen i går, på ein tur med Jeanett.

Butterfly. Eg trur det heiter det på grunn av den vesle skuggen ein får under nasa. Ser den ut som ein somarfugl?

Linn Heidi var heilt fantastisk som modell, og det var mi skuld at dei andre bileta ikkje vart brukandes.





Det er no det byrjar å bli gøy her, og no har eg altså funne ein ny modell eg håpar på å bruke mykje framover. Spanandes!

1 kommentar:

haldisfm sa...

Heisann, ja dette vert spanandes. Ser etter nye innlegg på bloggen din kvar dag. Ser kjekt ut. God helg jenta mi...