tirsdag 16. september 2008

Lys og studio

Ja, no snakkar vi!
Studio, lyssetting, lysmålar, blitsar, bikuber, butterflies, softbokser, bakgrunn og portrett! Ja, endeleg skal vi begynne med noko meir spanande. Sjølv etter ein litt tørr forelesning om kunsten frå antikken til impresjonismen var eg full av idear og kreativiteten blomstrar.


Mi særs vakre skisse av... skalla damer og ei boks. Meir forklaring får du ikkje.

Og i går gjorde eg det eg har tenkt på i eit år no. Eg kjøpte meg ny Mp3-spelar!
Creative ZEN X-Fi 8Gb er no min!! Moahahaaa


Eigentleg skulle eg kjøpe ein Sony, men der var så mange å velje mellom, og alle hadde nesten dei same namna berre med ein bokstav i forskjell eller mindre, så det var vanskeleg å finne nokon som faktisk hadde peiling. Første butikkdama eg spurde viste ingenting; "Æ veit itj". Andre sendte meg vidare til ein annan butikk, og der fekk eg hjelp. Snakka med fyren i butikken ei stund om skilnadane, og til slutt sa eg at det einaste eg brydde meg om var kvaliteten på lyden, og så peikte eg på ein annan spelar eg har lest om. "Ja! Vel heller den!" Ja, så då valde eg Creative, bedre og billigare, men større.

Eg er i himmelen med musikk no! Eg måtte danse litt happy-dans første gongen eg putta musikken i øyret ^^,

Men å rydde i musikklista mi er ikkje gøy... kvifor har eg opptil 8 forskjellige versjonar av same songen på lista???!!

Ingen kommentarer: