Jeanett er bortevekke og eg har rydda, stappa klede i vaskemaskina og stirrar håplaust på den svære oppvasken og ønsker at eg hadde ei oppvaskmaskin. Er det verkeleg mogleg at vesle meg klarer å rote til så mykje på 24 timar??
Ting eg har funne ut dei siste 24 timane:
- Windows Media Player sug.. ja! Frå no av skal eg bruke VLC både til film og musikk!
- Eg har rota vekk filmmusikken til Moulin Rouge, og Faraway vol.2 extended, som er min absolutte favorittmelodi/sang.
- Eg kan åpne vindauget mitt meir enn berre 10 grader, eg kan faktisk åpnet det heilt opp!
- Trondheim Torg stenger kl 6 på laurdagar
OG --->

Lego-figuren av Hermine er ikkje magisk, sidan den ikkje kan handere ein tryllestav har dei i staden gitt ho ein batong! Gangstah-Hermine!Dun-dun-DUN! Ei dame du IKKJE vil møte i ei mørk bakgate.
Eg har forresten vorte heilt hekta på Frokost Juice!! Det beste eg veit er å helle i eit glas, putte i 2-3 isbitar og sette glaset i frysaren ei stund. og viss den står der lenge nok kan eg lage slush!!
Nammis!
Ha ein god søndag ;D

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar