lørdag 27. september 2008

Forbereiinga til halloween og photoshoot

Kansje det er ein merkeleg ting å ta opp, men huset eg bur i no er IKKE plaga med spøkelser i det heile. Faktisk er det så lite spøkelser her at folk legg merke til det. Det er så roleg og fredleg her at det ikkje gjer noko at trikken passerar 20 meter i frå. Eg la merke til dette fenomenet ved at eg kan sjå på overnaturlege dokumetarar, skrekkfilmar og spøkelsebilete utan å bli mørkeredd eller engsteleg for ting i sidesynet. Og dette har ein del andre også oppdaga. Jeanett synest det er fredeleg her, Rokas var meir avslappa enn kva han har vore på eit år (eller lenger) og ein fyr, som Jeanett påstår har en "sånn" familie, meiner at det er ingenting her.

Men, viss det er fredeleg her fordi det er ingenting, så... kva er det med alle andre stadar då? Er huset til foreldra mine heimsøkt? Bur det onde åndar på Fantoft studentboligar? Kva er det som gjer at skrekkfilmar og paranormale seriar gjer meg mørkeredd heime? Er det fordi eg ikkje veit kor gamalt dette huset er, og fordi eg ikkje kjenner historia bak? Har det aldri døydd nokon her, men nokon har døydd heime? KVIFOR er dette huset så utruleg komfortabelt i forhald til andre?

Eg berre lurer

Og så berre for å sette prikken på i'en legg eg ved bilete frå mitt eksperiment med teaterblod. Det smakte spy tilsatt salt, og det tok meg ei stund før eg fekk til å smile for kameraet. Spyttet mitt var raudt i lang tid og det såg ut som eg hadde hatt ekstra rå biff til middag. Delikat.




Bilete frå photoshoot med Nysgjerrige Nils



More to come

1 kommentar:

Anonym sa...

hhaah! For et bra innlegg! Ja, ka so e gale med alle andre hus?? :p

Savna dej veldiii!!