Så eg prøvde med ein Sony Ericsson og iPhone, men det vart berre eit svakt rart lys. Så til slutt ropte eg ut i gangen (det var ca slik det skjedde) etter ei lommelykt, og rett som det var hadde ein i klassa ei slik rar lykt. Halogenlampe? uansett, effekta var uklanderleg og spesiell. Eg ELSKA den! Fekk ca eit kvarter på meg før eg måtte gi tilbake lampen/lykta og studio.
Nils malt med lys!
Bilete i midten heiter: "Kan ikkje høyra deg"
Hadde vore rått med eit par svære høyretelefonar der ;)
Medan eg venta på trikken heim kjøpte eg meg ein "bierbanger" og ein "wiskypinne". Bierbangeren var litt tørr, men god. Wiskypinnen smakte død og fordervelse, go mest av alt smakte den ein påbegynnt gjæringsprosess. Eg sjekka datoen og den gjekk ut for FIRE MÅNADAR SIDAN! Eg klaga og fekk tilbake pengane for både bierbangeren (1 veke) og wiskypinnen (4 månadar). Fekk heile 4 kroner ekstra også :P

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar