No er eg endeleg ferdig med første del av andre oppgåva i grunnleggande lyssetting. Då er det berre det vansklegaste igjen. *sukk*
Tema for i dag var uhygge/skrekk. Eg har som sagt forberedt meg godt, men når det kjem til studio hjelp det ikkje om eg har testa ut rekvisita og teknikk om blitsen ikkje går av. Fekk ein ung herremann (digg setning) til å hjelpe meg og alt han gjorde var å skru på blitsen, som eg hadde skrudd av før eg henta hjelp. Eg påsto at det måtte vere fordi han har "Heroes"-krefter, han påstod at det var magi. Eg sa flau takk og jaga han ut av studio. Det viste seg sjølvsagt at det var verken magi eller evolusjon, det var berre kamera som ikkje kunne ta bilete med blits i skjermvisemodus (eller live view om du vil).
Blodet fossa og eg grisa meg frykteleg til, men det var gøy!

Lurer på om eg skal levere inn dette til tross for at det er ganske manipulert
Det er litt merkeleg kor denne sangen kjem tilbake til meg. Spesielt no i det siste. Alt i frå ein logo med "Lions" på ein bil eller reklame til jeanett som heilt ut av det blå begynner å spele den av. Mest sannsynleg det einste av power ho har. Og i dag stjal prinsessa, Märtha, namnet eg hadde bestemt meg for å gi min førstefødte (om det blei ei jente). Tallulah! Det er det vakraste jentenamnet eg veit om, og så pluttseleg blir det pop?!
Legg ved sangen Tallulah av Sonata Arctica her framført på piano av ein ukjen person på YouTube. Av alle melodiar er denne den eg elskar mest.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar